Samferdselsminister Knut Arild Hareide la fram ambisiøse mål for trafikktryggleik då han presenterte Nasjonal transportplan fredag. Foto: Terje Pedersen/NTB/NPK.

Hareide: – Talet på omkomne i trafikken skal halverast innan 2030

Samferdsleminister Knut Arild Hareide (KrF) vil halvere talet på omkomne i trafikken innan 2030, og visjonen er null omkomne i trafikken i 2050.

Hareide sa dette då han presenterte Nasjonal transportplan (NTP) for 2022 til 2033 fredag. Han viste til at det no er 20 år sidan nullvisjonen vart vedteken her i landet. Han lova at vi skal kome nærmare denne visjonen i planperioden.

Nullvisjonen er at det ikkje skal vere omkomne eller hardt skadde i trafikken.

Artikkelen held fram under annonsen.

Regjeringa legg no til grunn ein ambisjon om at det innan 2030 maksimalt skal vere 350 omkomne og hardt skadde, maksimalt 50 omkomne. Og i 2050 skal talet vere null.

– Med ambisjonane i NTP kjem regjeringa nærmare å gjere visjonen til røyndom. Det er første gongen regjeringa legg fram ein tidfesta ambisjon for reduksjon i talet på omkomne til grunn for arbeidet med trafikktryggleik, sa Hareide blant anna.

Han viste til at det i 2020 for første gong i moderne tid var under 100 omkomne i trafikken. Sidan 2013 er talet på omkomne i trafikken halvert frå 187 til 93 i 2020. I fleire år har Noreg vore landa med færrast omkomne i trafikken i Europa.

Hareide gjorde det klart at det høge ambisjonsnivået vil krevje eit vidare løft i det nasjonale arbeidet for trafikktryggleik. Det betyr blant anna målretta tiltak i trafikken, haldningsskapande arbeid, utbetringsstrekningar, nyinvesteringar på veg, trafikant- og køyretøytiltak og drift og vedlikehald.

– Folk skal oppleve at det er trygt å køyre på norske vegar, sa samferdsleministeren.

(©NPK)