Olav Fuglestrand.

Har vunne to av seks rundar av årets Børs-NM

Olav Fuglestrand driv med meir enn kraftproduksjon, eigedomsutvikling og landbruk. Han spekulerer også med aksjar. Men berre for moro og nesten berre med leikepengar.

Olav Fuglestrand vil helst ikkje snakke om det, for det er berre for moro skuld og heilt uhøgtidleg, men etter eit fleire sider stort oppslag i bladet «Kapital» slepp han ikkje unna.

NM i børs

Nærast på impuls, og etter oppmoding frå Einar Ryssdalsnes som også har gjort det godt og vunne rundar i Børs-NM, melde Olav Fuglestrand seg på konkurransen for første gong i 2014. Det gjekk rett til topps i første runde, og dette året har han så langt vunne dei to første.

Bladet Kapital står bak Børs-NM der deltakarane får tildelt ein mill. kroner i leikepengar. Deretter gjeld det å sikre best mogeleg avkasting. I den første runda oppnådde Olav 76 prosent avkastning. Dermed sette han lista høgt for resten av NM, hevdar Kapital.

– Kunsten er å kjøpe når kursen går opp og selje rett før det går ned. Eg spekulerer også i framtidig kursfall. Då sel eg aksjane no og satsar på å kjøpe tilbake når kursen er lågare, seier han og hevdar han ikkje har nokon spesiell strategi.

Les meir i papirutgåva fredag.