Dei ulovlege garna tek fisk som skal opp i sårbare vassdrag for å gyte. Illustrasjonsfoto: Sara Johannessen/NTB/NPK.

Har teke 35 kilometer med ulovlege laksegarn

Nauturoppsynet kallar omfanget av ulovlege laksegarn uakseptabelt høg.

35 kilometer med garn er tekne opp og 25 personar er politimelde for ulovleg fiske etter aksjonar frå Statens naturoppsyn og Økokrim så langt i år, skriv NRK.

Vestland fylke peikar seg ut som versting, med 31 garnbeslag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Seksjonsleiar Arnstein Johnsen i Statens naturoppsyn seier til NRK at omfanget er på eit uakseptabelt høgt nivå.

– Dette er tjuveri frå fellesskapet som kan få store konsekvensar for laksestammane.

(©NPK)