Har pågripe mann i 50-åra

Den væpna aksjonen i Jølster er avslutta. Politiet fekk kontroll på den sikta, ein mann i 50-åra, om lag klokka 20 onsdag kveld.

Les også
Væpna politiaksjon i Jølster

Det opplyser Vest politidistrikt i ei pressemelding.

Den sikta blir ivareteken av politiet og vil bli framstilt for lege. Han er sikta for truslar mot politiet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Under pågripinga gjekk det av eit vådeskot frå eit av politiet sine tenestevåpen. Ingen kom til skade som følgje av skotet. Spesialeininga er rutinemessig varsla og vil starte etterforsking, heiter det i pressemeldinga.