Dagleg leiar Trond Flatjord i Trebo-Hus.

Har mist varer for fleire hundre tusen kroner

Ubedne gjestar har vore på ferde i lokala til Trebo-Hus i Jarbrugda ved Sandane i løpet av helga. 

Varer for fleire hundre tusen kroner er vekke, mellom anna store mengder verktøy av merket Makita.

Tjuvane har brote seg inn på baksida av bygget. Politiet har vore på staden måndag føremiddag og gjort undersøkingar.