Mange svarer i ei fersk undersøking at dei ønskjer å dra på bilferie i Noreg også neste år. Illustrasjonsfoto: Erlend Aas/NTB scanpix/NPK.

Halvparten vil feriere i Noreg neste sommar òg

Den meir eller mindre tvungne noregsferien i sommar har tilsynelatande gitt meirsmak; nesten halvparten av seier dei kjem til å gjere det same neste år.

– Mange prøvde seg som bilturist i eige land i sommar. Det ser ut til å ha gitt meirsmak. På kort sikt kan det sjå ut som koronautbrotet har endra ferievanane våre, seier kommunikasjonssjef Camilla Ryste i NAF.

I ei undersøking som Norstat har gjort for NAF, svarer 46 prosent av dei spurde at dei kjem til å feriere meir i Noreg neste sommar. Rundt halvparten kjem til å bruke bilen framfor andre reisemåtar, anten i Noreg (26 prosent), i utlandet (2 prosent) eller begge delar (21 prosent).

Fleksibilitet

Bilferie gir folk større fleksibilitet og høve til å tilpasse eige budsjett, påpeikar Ryste.

– I tillegg tenkjer nok mange av oss annleis når vo planlegg feriane framover, så lenge uvissa rundt krononasmitten framleis er stor. Kva som skjer på lengre sikt, er uvisst, men på kort sikt ser det ut som koronaen påverkar ferieplanlegginga for mange i alle fall eitt år fram i tid, seier ho.

Rasteplassar og trengsel

Undersøkinga viser at 69 prosent meiner kvalitet og reinhald på rasteplassane er viktig når dei skal på bilferie, men berre 38 prosent er fornøgde med dette etter ferien i år. På same måten svarer 67 prosent at det er viktig med lite kø og trengsel på stoppestadene, medan berre 48 prosent er fornøgde.

– Det har vorte mange flotte rasteplassar langs dei nasjonale turistvegane, men også dei mindre rasteplassane bør tilpassast at vi kan bli fleire på vegen neste sommar. Her har vegstyresmaktene ein jobb å gjere, seier Ryste.

(©NPK)