Preben Indrebø, Ørjan Sundal og resten av GHK hadde god kontroll på Eid.

Hadde kontroll i lokaloppgjeret

GHK sitt herrelag slo Eid 30-26 i Trivselshallen søndag ettermiddag.

Etter ei jamspelt første halve av første omgang, tok dei raude frå Gloppen kommandoen i kampen og leia 15-12 ved pause.

Etter pause var det eigentleg aldri tvil om kvar sigeren skulle ende. På det meste var heimelaget oppe i åttemåls leiing.

Ein del byting på slutten av kampen gjorde at Eid knappa inn litt, men sigeren var aldri truga.