Helsedirektør Bjørn Guldvog seier at vi snart kan ta neste steg i gjenopninga, men at det er opp til helseminister Bent Høie (H) og resten av regjeringa å tenkje over risikoen ved dette. Foto: Torstein Bøe/NTB/NPK.

Guldvog trur neste steg i gjenopninga er nær

Helsedirektør Bjørn Guldvog trur vi i nær framtid kan ta eit nytt steg i gjenopninga av Noreg. Kommunen får då den største jobben, seier han.

– Eg trur vi i nær framtid kan ta eit nytt steg, seier Guldvog til VG.

Det som taler for å vente, er å få fleire vaksinerte, ifølgje helsedirektøren.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Jo fleire som er vaksinerte, jo lettare vil overgangen bli, og jo mindre blir risikoen for gjennombrotsinfeksjonar. Samtidig vil eg seie at det ligg innanfor eit handlingsrom å snart gå over til ein normal kvardag med auka beredskap.

Guldvog er tydeleg på at det er regjeringa som må vurdere risikoen ved å ta det neste steget i gjenopninga.

Kommunane får då nokre av dei største og viktigaste oppgåvene, ifølgje helsedirektøren.

– Dei vil vere i førstelinja i det å overvake og vurdere kva som er nødvendig beredskap lokalt, og setje i verk eventuelle tiltak. Mykje av det som skjer no, er ei førebuing i kommunane, seier Guldvog.

Vaksinedekninga må vere god nok, og det må vere tilstrekkeleg kapasitet for nedjustert TISK – slik at utbrot blir oppdaga og avgrensa tidleg.

Helseminister Bent Høie (H) har bede kommunane å førebu seg på gjenopning av landet frå og med fredag. Det inneber at regjeringa kan ta det neste steget i gjenopninga av Noreg når som helst etter det – og innføre «ein normal kvardag med auka beredskap».

(©NPK)