Loen Skylift i Nordfjord går omtrent frå sjønivå ved fjorden til fjellet Hoven 1011 moh. I ein vanleg sesong er det mange cruiseturistar som tar turen, men i sommar har norske turistar stått for besøkstalet. Arkivfoto: Erik Johansen/NTB/NPK.

Gondolen i Åndalsnes og Loen skylift med rekordbesøk

To gondolbanar i Noreg har gjort det ekstra godt i sommar, trass i fråværet av cruisepassasjerar.

– Når vi ser kor mykje positivitet gondolen har skapt på nokre månader, er det vanskeleg å vere negativ. Han har bidrege til at Åndalsnes har fått ein heilt annan puls, seier Pål R. Amundsen, dagleg leiar i Romsdalen AS, til E24.

Det har gått godt for både den nye gondolbanen i Åndalsnes og for Loen Skylift i Nordfjord i sommar. Sidan gondolbanen på Åndalsnes opna i slutten av mai, har 66.000 personar tatt turen opp til Nesaksla for å sjå på utsikta. Dagleg leiar seier dei berre er 5.000 fleire før dei når det budsjetterte besøkstalet for 2021. Loen Skylift, som opna i 2017, har òg hatt ein rekordsommar. Fram til no i år har nærmare 90.000 gjestar tatt den luftige turen. Over halvparten av desse tok turen i juli.

Artikkelen held fram under annonsen.

Trass i populære turar, så slit nokre av gondolane utanfor dei travlaste sommarvekene. Det gjeld både Gondolen på Voss og Fjellheisen i Tromsø, skriv E24.

(©NPK)