Alle avisene i Nordfjord har auka opplaget sitt siste halvår.

Gode tal for lokalavisene

Alle avisene i Nordfjord hadde auke i opplagstalet i andre halvår 2020. – Dette er svært gledeleg og viser at lokale, redaktørstyrte medium framleis er svært viktige, seier redaktør og dagleg leiar for Firda Tidend, Aadne Gloppestad.

Avisa han er leiar for auka opplaget frå 2811 til 2906 i løpet av dei seks siste månadane i 2020. Auken på 95 tilsvarer 3,4 prosent.

– Er opptekne av lokalavisa

– Veksten er eit prov på at folk er opptekne av lokalavisa si og er villige til å betale for lokalprodusert journalistikk, seier Gloppestad.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han rosar dei tilsette for jobben dei har gjort i eit svært krevjande koronaår, og takkar dei mange trufaste tingarane og annonsørane som gjer det mogleg å gje ut ei lokalavis for Gloppen og Jølster.

Slagkraftig samarbeid

Firda Tidend-redaktøren er glad for at svært mange lokalaviser landet over opplever auke i opplagstalet. Særleg gledeleg er det at alle avisene i Nordfjord har fin vekst.

– Vi fire avisene, Firda Tidend, Fjordenes Tidende, Fjordabladet og Fjordingen samarbeider tett og godt, ikkje minst gjennom Nordfjordsamkøyringa. At alle avisene veks, betyr mykje for dette viktige og slagkraftige marknadssamarbeidet, understrekar han.

Sogn Avis i vinden

Alle avisene i gamle Sogn og Fjordane fylke, med unntak av Ytre Sogn Avis, auka opplaget i andre halvår 2020.

Størst var veksten for Sogn Avis, som auka opplaget med heile 716, frå 8416 til 9132. Dette tilsvarer 8,5 prosent.

Firda har ein auke på 232, frå 11724 til 11956. Dette utgjer 2,0 prosent.

Auke for 85 prosent

Nesten 85 prosent av avisene knytte til Landslaget for lokalaviser (LLA) aukar opplaget frå 1. til 2. halvår i fjor.

Over 60 prosent av LLA-avisene sitt opplag er no komplett-abonnement, der lesarane får redaksjonelt innhald og annonsar både på nett og papir. 27 prosent av LLA-opplaget er heildigitalt.

Artikkelen held fram under annonsen.

LLA er organisasjonen for over 110 av lokalavisene i Norge. Dei nye opplagstala stadfestar at lokalavisene betyr mykje for folk sitt informasjonsbehov, spesielt i så uvanlege tider som det har vore i 2020.

Samfunnsansvar

– Lokalavisene sitt samfunnsansvar er blitt endå tydelegare det siste året. Avisene våre gjev innbyggjarane svært viktig informasjon om korona-situasjonen lokalt. Samstundes held lokalavisene fram med å knyte folk saman i nærmiljøet, seier LLA sin generalsekretær Tomas Bruvik i ei pressemelding.

Han gleder seg over at fleire lokalaviser held fram med innovasjonsarbeidet og satsar på digitale plattformer hand i hand med papirutgåvene.

– Det siste året har vore ei påminning om kor viktig det er også for lokalavisene å kunne tilby nyhende på nett og mobil, nærast døgnet rundt, seier Bruvik.