Erling Sande.

- Gloppen klarer seg fint åleine

- Gloppen vil klare seg fint åleine. Det vil vere ei drøss kommunar med færre innbyggjarar enn Gloppen i framtida, sa Erling Sande på folkemøtet om kommunesamanslåing tysdag kveld.

Den tidlegare stortingsrepresentanten for Senterpartiet gav uttrykk for at han ikkje ser samanslåing med Eid som aktuelt før ein veit at det kjem ei bru mellom Anda og Lote.

- Kommunesamanslåing for meg er når brua er påbyrja. Eg trur to kommunar kjempar betre og meir effektivt enn éin, sa Sande.

I overkant av 200 personar var til stades på det saklege og informative møtet. Meiningane var som venta svært delte om kva veg Gloppen bør gå vidare.

Sagt på folkemøtet:

- Seier Gloppen nei, er eg overtydd om at Eid er på jakt etter nye kommunesamanslutningar.
Svein-Ottar Sandal.

- Eg trur det er avgjerande å slå saman Gloppen og Eid for å realisere brua.
Anniken Rygg.

- Eg trur ikkje vi blir sterke ved å slå oss i lag. Då er det betre å stå åleine.
Svein Sandvold.

- Fagmiljøet har alt å tene på samanslåing.
Rune Nordvik.

- Tenestene blir neppe betre om vi slår oss saman.
Jeff Thomas.

- Eg trur Firda vidaregåande skule kjem betre ut med samanslåing.
Arnar Kvernevik.

- Eg trur ikkje Gloppen pluss Eid ordnar Firda vgs åleine. Vi har fire fylkestingsrepresentantar til saman.
Hege Lothe.

- Fjorden er stengsle. Det er vanskeleg å slå seg saman per i dag.
Gunnvor Sunde.

- Ein ny kommune er avgjerande for utviklinga i regionen.
Bjarte Heggheim.

- Dette handlar om utviklingskraft framover.
Alfred Bjørlo.

Les fyldig reportasje frå møtet i papirutgåva fredag.