Foto: Måløy vidaregåande skule / Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Gler seg over fleire søkjarar til yrkesfag



Fagopplæringsnemnda gler seg over at søkjartala til yrkesfaga på VG1 har auka i 2018. Av søkjarar til VG1 med ungdomsrett har 55,2 prosent søkt yrkesfag, medan 44,8 prosent har søkt studieførebuande fag.

Hovudutval for opplæring skal justere opplæringstilbodet for skuleåret 2018–2019 i møtet 3. april. Fagopplæringsnemda har no kome med ein uttale til hovudutvalet om korleis nemnda meiner tilbodet bør justerast.

– Det synest eg er veldig positivt. Vi er blant dei fremste i landet på søking til yrkesfag. Det har vi jobba veldig medvite for å få til, seier Nils P. Støyva (LO), fungerande leiar i fagopplæringsnemnda under handsaminga av saka.

Manglar læreplassar
Støyva meiner særleg auken i søkinga til VG1 helse- og oppvekst er gledeleg. Det er òg fleire elevar som søkjer seg til elektrofag. Fagopplæringsnemnda meiner likevel ikkje det er rom for nokon stor auke i opptaket.

– Det som er viktig for fagopplæringsnemnda, er behovet i næringslivet og tilgangen på læreplassar. På grunn av mangel på læreplassar føreslår vi ikkje å auke opptaket til elektrofag, og å auke med éin klasse i helse og oppvekst, seier Støyva.

Få søkjarar til restaurantfag
Nemnda merkar seg dårlege søkjartal til restaurant- og matfag, trass i at det her er god tilgang på læreplassar og stort behov for faglært arbeidskraft. Det er òg låge søkjartal til det fylkesdekkjande opplæringstilbodet innan kjemiprosessfag, som er eit viktig fag for industrien i Årdal, Høyanger og Svelgen med god tilgang på læreplassar.

Det er ein stor nedgang i tal søkjarar til VG2 industriteknologi, noko fagopplæringsnemnda ser i samanheng med nedturen til oljenæringa.