Gimming attvalt som bondelagsleiar
Bjørn Gimming er attvalt som leiar i Norges Bondelag. Han går no inn i sitt sjette år som øvste tillitsvald i organisasjonen. Med seg i leiartrioen får han 1. nestleiar Bodhild Fjelltveit og 2. nestleiar Konrad Johan Kongshaug.
– Inntekt på nivå med andre er ikkje sluttstreken. Det er grunnlaget for meir mat på norske ressursar, auka sjølvforsyning og tryggleik for bønder som vil satse, seier Bjørn Gimming i ei pressemelding.
Etter fleire år med store gjennomslag for betre bondeinntekt, peikar Gimming på auka sjølvforsyning som den store oppgåva framover.
– Vi har fått store gjennomslag, men det er ingen grunn til å lene seg tilbake. No må Bondelaget samle laget og ta på leiartrøya i arbeidet for meir norsk matproduksjon, seier Gimming.
Gimming meiner uroa i dei siste åra har gjort det endå tydelegare at norsk matproduksjon er ein sentral del av beredskapen i landet.
– Norsk matproduksjon er vår første forsvarslinje. Det er ikkje eit slagord, det er røyndom. Når verda er uroleg, blir det endå viktigare å ha aktive bønder, jord i drift og ein landbrukspolitikk som gir Noreg handlefridom når kriser oppstår, seier Gimming.
Bjørn Gimming er òg bonde med korn, ammeku og skog i Østfold. Han har lang erfaring frå heile organisasjonsleddet i Bondelaget, og har jordbruksfagleg studiar frå NMBU.
Gimming vart første gong vald som leiar i Norges Bondelag i 2021. (©NPK)