Så glad var engelske Gerard Melner då han endeleg fekk møte sitt store idol, Emmylou Harris.

Gerard kom frå London for å møte Emmylou

 

Ifølgje festivalgeneral Arve Kleppe, så kom det folk rimeleg langvegs frå, for å få med seg konserten til Emmylou Harris i Breim laurdag.



-Eg veit at her er folk frå Irland, England,Nederland, Tyskland og Danmark som har teke turen til Breim for å høyre Emmylou, fortalde Kleppe.

Gerard fekk oppfyllt draumen

Ein av dei som hadde reist langt var Gerard Melder frå London. Han hadde søkt på nettet etter konsertar med Emmylou Harris og hadde funne ut at den næraste var i Breim. Dermed vart det bestilt konsertbillett og flybillett.

-Men eg hadde fått det føre meg at konserten var 10. juli og oppdaga i siste liten at det var feil. Men eg fekk endra flybilletten og kom til Sandane i går. Så fann eg ein buss som skulle til Breim og dermed er eg her, fortalde Gerhard som sto utanfor inngangen til sceneområdet og venta på at ein gammal draum om å få møte Emmylou Harris skulle gå i oppfylling.



Kyrkjekonsert

Etter at Gerhard kom til Breim, oppdaga han at Emylou Harris også skulle vere med på kyrkjekonserten. Dermed stilte han seg opp utanfor kyrkja i håp om at nokon hadde ein billett til overs. Der møtte han Synnøve Veien og dermed tok snøballen til å rulle.

-Eg såg at han sto der så eg tok kontakt med han for å høyre om det var noko han trengde hjelp til. Då fortalde han at han var ute etter billett til den utselde kyrkjekonserten. Far min, Roald Veien, hadde billett og eg spurde om han ville overlate den til Gerard og det gjorde han. Dermed fekk han med seg konserten. Men han hadde også eit anna ønskje, og det var å få møte Emmylou Harris. Eg tok kontakt med arrangørane med spørsmål om det let seg ordne, meir veit eg ikkje sa Synnøve litt ut på ettermiddagen.

Ein telefon til Vegar Sårheim bekrefta at Gerhard var innvilga audiens hos sitt store idol og at Firda Tidend kunne få vere med på møtet. Men vi fekk også klar beskjed om at intervju med Harris var utelukka.



Eg er nervøs

Ei tekstmelding til Gerard ordna avtale om å møtast utanfor inngangen til backstage-området, og der møtte vi ein engelskmann som var nærast i hundre over det han snart skulle få oppleve.

-Eg har prøvd mange gonger å få snakke med Emylou Harris, men har alltid fått nei, no endeleg skal det skje. Eg er så ufatteleg glad og lukkeleg. Dette er det største eg nokon gong har opplevd, smilte mannen som hadde med seg ein pose full av LP-plater som skulle signerast. Og signatur fekk han. Etterpå visste han knapt korleis han skulle få takke alle som hadde hjelpt han.

I love you, I love Norway, smilte ein av dei gladaste vi såg på countryarenaen laurdag.



Noko av det største vi kan få

Nils R. Sandal har vore ein sentral figur i samband med Norsk Countrytreff sidan starten, og han har hatt og har ansvaret for artistane til festivalen.

Denne helga fekk han oppleve å helse på sjølvaste Emmylou Harris, ein artist det har vore arbeidd i årevis med å få til Breim.

Å få verdsstjerna Emmylou Harris til Breim må ha vore litt av eit kupp. Konserten i Breim laurdag var nemleg den einaste i Europa i år og ho skal berre ha to konsertar til i år, begge i USA. Kontrakta med festivalen i Breim var på plass for eit år sidan og vi hugsar godt smilet til Arve Kleppe då han sist haust fortalde at den amerikanske stjerna var i boks.

-Du vil vel ikkje seie kva det kostar å få eit slikt namn på plakaten?

-Nei, men det kostar ein del. Vi har alltid hatt som mål å utvikle festivalen og ha høg kvalitet på artistane og Emmylou Harris er noko av det største vi kan få tak i, og det har vore ein draum lenge, fortalde ein tydeleg stolt artistansvarleg.



 



 

 

Laurdag gjekk ein gammal draum i oppfylling for Nils R. Sandal. Han fekk møte Emmyloy Harris i Breim.
Utanfor inngangen møtte Gerard Frode Fagerli frå Sandane som også hadde fått løyve til å helse på Emmylou Harris.
Til slutt fekk både Gerard Meler og alle dei andre høyre Emmylou Harris si velkjende stemme fløyme over festivalområdet.
Emmylou Harris hadde ingen ting i mot å signere platene til Gerard Melner.
Det var mange som hadde andakt i blikket under konserten til Emmylou Harris. Ein av dei var festivalgeneral Arve Kleppe