Vestland fylkeskommune kom ut med positivt resultat i det første driftsåret.

Fylkeskommunen i pluss

Færre fysiske møte, mindre reising og innsparing i drifta i fjor gir pengar på bok for Vestland fylkeskommune.

Rekneskapen for 2020 vart gjort opp i balanse, slik den nye kommunelova krev. Samstundes er disposisjonsfondet til fylkeskommunen styrkt med knapt 216 millionar kroner.

Ros til staten

– Meir enn halvparten av resultatavsetjinga, om lag 120 millionar kroner, skuldast statlege tilskot og eigne innsparingar som følgje av koronapandemien. I tillegg kjem eingongsinntekter i 2020 på knapt 140 millionar kroner i form av ekstra tilskot til elektriske ferjer og midlar frå havbruksfondet. Utan desse midlane hadde resultatet vore vesentleg svakare, seier fylkesrådmann Rune Haugsdal i ei pressemelding..

Artikkelen held fram under annonsen.

Han gjev honnør til staten for måten det er stilt opp på i denne spesielle situasjonen:

– Staten har dekka meirkostnader og inntekter som vi har mista grunna særskilte koronatiltak. Vi hadde konstruktiv dialog med staten om prinsippa for dette i juni, har fått tilskot og det set vi stor pris på. Sidan vi så langt ikkje har nytta den statlege støtta fullt ut, vil eg tilrå å setje av desse midlane til å løyse komande koronautfordringar i 2021, seier Haugsdal.

Viktige leveransar i første driftsår

Vestland fylkeskommune har kome godt ut av startblokka trass i dei spesielle omstenda som oppstod frå 12. mars 2020. Med god evne til omstilling, pågangsmot og innsats har fylkeskommunen levert viktige tenester til innbyggjarane.

– Det er gjort ein stor og målretta innsats i heile organisasjonen for å levere best mogleg i denne spesielle situasjonen. Vi har i fellesskap gjennomført eit digitalt kompetanseløft og lært oss nye måtar å samarbeide på, som eg er trygg på at alle vil ha stor nytte av i tida framover. Vestland er eit langstrekt fylke, men dei geografiske avstandane vert mindre med bruk av nye verktøy for samhandling, seier fylkesrådmannen.

– Store miljøsatsingar vart gjennomførte med elektrifisering av ferjeflåten i tidlegare Hordaland og overgang til elektrisk bussdrift i Bergen som merkepunkt. 2020 var året då 20 nullutsleppsferjer kom i drift, og reduserte CO2-utsleppa med 90%. All kollektivtrafikk i Bergen vart fossilfri, med 80% reduksjon i klimagassutsleppa. Dette er solide grep for klimaet, kommenterer fylkesordførar Jon Askeland i pressemeldinga.

Pandemien skapte samhald

Vestland fylkeskommune uttrykte tidleg ein ambisjon om å nytte handlingsrommet som ein sterk regional utviklingsaktør og bidra til vekst og utvikling i heile fylket.

– I utviklingsplanen definerer vi oss til å ta ei samlande rolle som medspelar for arbeidslivet, kommunar, og kultur/idrett/frivillig sektor. Frå pandemien starta, har vi etablert ein samspelskultur med våre samarbeidspartar, som også inkluderer stortingsbenken. Desse relasjonane må vi vidareutvikle, understrekar Jon Askeland, som meiner fylkeskommunen gjer dette best ved å vere på tilbodssida, og slik aktivt spele samarbeidsaktørane våre gode.

I 2020 kom dette mellom anna til uttrykk ved at fylkeskommunen gav ekstraordinære økonomiske tilskot til kultur- og næringsområdet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nyskapande og berekraftig – sysselsetjinga vert viktig

Fylkeskommunen har høge ambisjonar for den vidare utviklinga av Vestland. I den regionale utviklingsplanen er det mellom anna mål om at Vestland skal vere det leiande verdiskapingsfylket i Noreg.

– Saman med næringsliv, kommunar, kultur/idrett/frivilligheit og akademia arbeider vi for å utvikle Vestland til eit meir nyskapande og berekraftig fylke. Gjennom satsinga på ny teknologi for ferjer og hurtigbåtar har vi teke ei leiande rolle i det grøne skiftet. Verdas fremste miljø for det grøne skiftet i maritim sektor er hjå oss, og vi skal vidare. Vi har behov for å skape mange nye arbeidsplassar i fylket vårt framover, poengterer Jon Askeland.

Stor ros til tilsette

Fylkesordføraren understrekar at målsetjingar og planar berre fører fram ved at dei fylkeskommunale einingane og medarbeidarane følgjer opp.

– Eg vil rose alle tilsette for innsatsen og det gode resultatet for 2020. Eg er imponert over stå på-viljen eg har sett gjennom året, der evna til raskt å snu seg rundt har vore eineståande. Mange har strekt seg ekstra langt dette året, og vi folkevalde er djupt takksame overfor dei tilsette, understrekar Askeland.

Nøkkeltal

• Totale driftsutgifter i 2020: 12 650 mill. kr

• Renter og avdrag på lån: 806 mill. kr, av dette avdrag: 617 mill. kr

• Nettoutgiftene til renter vart 57 mill. kr lågare enn budsjettert som følgje av lågare rentenivå

• Netto driftsutgifter for dei største sektorane:

Artikkelen held fram under annonsen.

o Opplæring og kompetanse 3 447 mill. kr

o Mobilitet og kollektiv 2 900 mill. kr

o Infrastruktur og veg 1 153 mill. kr

• Netto driftsresultat: 7,4 % av driftsinntektene

• Investeringar 2020: 4 890 mill. kr

• Netto gjeldsgrad: 92,8 %