To vegar i Hyen er stengde

Fv. 615 mellom Hyen og Sandane er stengd etter at det laurdag ettermiddag gjekk eit jordskred ved Holme.

Fv. 5730 er stengd mellom Aa og Gjengedal etter snøras ved Breisvora.

Ifølgje vegvesen.no ligg det ikkje an til opning av dei to vegane før ut på dagen søndag.