Med stengde grenser fryktar Trygg Trafikk fleire ulykker på vegane i påska. Illustrasjonsfoto: Vidar Ruud/NTB/NPK.

Fryktar påskekaos på norske vegar

Med stengde landegrenser fryktar Trygg Trafikk stort trykk på norske vegar i påska.

Vi nærmar oss ei ny påske med koronapandemi i landet, og mange legg om planane dei tradisjonelt har hatt i påskeferiar.

– Dessverre er store utfartsdagar forbunde med mange trafikkulykker og påska er ikkje eit unntak, seier kommunikasjonssjef Ingrid Trømborg i Trygg Trafikk i ei pressemelding.

Artikkelen held fram under annonsen.

I fjor mista tre personar livet i påsketrafikken, det same som året før.

– Vi ber om at alle som bevegar seg i trafikken tek det med ro og viser omsyn til alle andre som også er på vegane, seier Trømborg.

(©NPK)