Frakta hasj på nattbussen

Ein mann i tjueåra, som er statslaus og utvist frå Noreg, er dømd for ha frakta 1,1 kilo hasj på nattbussen frå Oslo til Førde.

Han er tidlegare dømd for vald, og var ute på prøve frå fengsel då han frakta hasjen til sunnfjordbyen. Mannen var òg sikta for bruk av hasj i førekant av bussturen til Vestlandet.

Sekken med hasjen som mannen hadde med på bussen vart kverrsett, og han tilstod tilhøvet. Retten fann at ei samla straff på sju månader fengsel utan vilkår var passeleg. 32 dagar i varetekt skal trekkjast frå straffa.