Olaf Barmen får ikkje skilje frå dette tunet på Myklebust som eiga eining og selje resten av bruket til nabo Geir Thomas Myklebust.

Frådeling eller ikkje?

– Det er større sannsyn for at det blir lys i huset om det blir selt til andre enn dei som brukar det i dag, konstaterte utvalsleiar Arnar Kvernevik (Ap) og sa nei til Olaf Barmen sin frådelingssøknad.

Det var eit delt utval som til slutt sa nei til at Barmen får skilje frå tunet med påståande bustadhus og driftsbygning og selje resten av gbnr. 97/2 på Myklebust til Geir Thomas Myklebust som i dag paktar jorda.

– Ein viss presedens

– Dette er vanskelege saker som eg prøver å ha ei prinsipiell tilnærming til med omsyn til liknande saker i framtida. Vi har sagt nei på Strand, det skaper ein viss presedens. På den andre sida kjem behovet for store og effektive driftseiningar, sa Arnar Kvernevik då han opna debatten i saka.

MULTEK-utvalet hadde tidlegare på dag vore på synfaring i Myklebustdalen. Der møtte dei både Olaf Barmen og Geir Thomas Myklebust. Barmen fortalde at han ønskjer å behalde tunet i familien si eige, pusse opp huset og kanskje flytte dit når han ikkje lenger er yrkesaktiv. Han peika på at huset ikkje er eigna til utleige, og at det trengst omfattande reparasjonar før det kan sjåast på som tenleg heilårsbustad. Driftsbygningen er prega av forfall og stettar ikkje dagens krav.

Les meir i papirutgåva måndag.