For 30. gong: Det norske juletreet i Cardiff, utanfor sjømannskyrkja, symboliserer venskapen mellom Cardiff og Vestland.

Frå Vestland til Cardiff

– Tenninga av det norske juletreet stadfestar den sterke venskapen vi har mellom Cardiff og Vestland, seier Lord Mayor of Cardiff, Rod McKerlich. For 30. gong vart den norske julegrana tent i den walisiske hovudstaden.

Juletreet var i mange år ei årleg gåve frå Hordaland fylkeskommune, men for fem-seks år sidan vart ei norsk julegran planta på hamna i Cardiff, utanfor den norske sjømannskyrkja. Den veks og blir gjenbrukt kvart år under «The Festival of Light and Friendship» for å markere starten på adventstida og den gode venskapen mellom Vestland og Cardiff.

Juletreet vart tent søndag 29. november, første søndag i advent, av born som telte ned frå 10 til 1 på norsk. Grunna koronapandemien var seremonien digital, men i heile juletida skal juletreet lyse på hamna i Cardiff.

– Eg glad for at vi framleis kan feire den lange venskapen vår og markere starten på adventstida, seier Lord Mayor of Cardiff, Rod McKerlich.

Bevis på lang og vedvarande venskap

Lord Mayor of Cardiff, Rod McKerlich, seier at han heller ville ha deltatt i juletretenninga utanfor kyrkja enn digitalt.

– Vi ville heller vore samla med gløgg og norske vaflar, som vi gjorde i fjor, men i dette vanskelege året er eg glad for at vi framleis kan feire vår lange venskap og markere starten på adventstida med å tenne juletreet. Den norske kyrkja er ein ikonisk bygning og står som beviset på den lange og vedvarande venskapen mellom våre to nasjonar, seier Lord Mayor of Cardiff.

– Banda mellom oss går tusen år tilbake i tid, sa fylkesordførar Jon Askeland i si digitale helsing.

Viktig med samarbeid og kontakt

Fylkesordførar Jon Askeland helsa digitalt til Lord Mayor og alle andre, både born og vaksne i Cardiff.

– På vegner av folket i Vestland er det mi djupe glede å helse til våre gode vener i vakre Cardiff. Banda mellom oss går tusen år tilbake i tid. Den norske sjømannskyrkja vart grunnlagt i 1866 og har sidan vore ein hjørnestein som har knytt oss synleg saman. Pandemien gjer det endå meir viktig med samarbeid og kontakt mellom folk, sa Askeland.

Spesielt band mellom Sogn og Fjordane, Hordaland og Cardiff

I talen kom fylkesordføraren inn på samanslåinga av Sogn og Fjordane og Hordaland til Vestland.

– Vi kan snart markere eitt år for samanslåinga. Den har eit spesielt band til Cardiff, fordi folket i dei to fylka samla inn pengar til å gjenreise sjømannskyrka på 1980-talet. I 1991 vart kyrkja gjenopna, og det første juletreet vart sendt frå Voss og tent utanfor kyrkja i desember same år. Dette var byrjinga på ein tradisjon som vi framleis feirar, sa fylkesordførar Jon Askeland, som håpar at dei kan møtast ansikt til ansikt til juletretenninga neste år.

– Vi feirar det sterke sambandet mellom Cardiff og Vestland og ønskjer nye elevar frå Vestland velkomen til å gå på skule her, seier Tyra Oseng-Rees, leiar av den norsk walisiske venskapsforeininga. Gjennom 23 år har over 400 elevar frå Hordaland gått vg2 i Cardiff. No kan elevar i heile Vestland søkje.

Norsk klasse gjennom 23 år

Eit viktig element i venskapssamarbeidet med Cardiff er den norske klassa der. I 23 år har meir enn 400 elevar frå Hordaland gått vg2 i Wales, og no kan elevar i heile Vestland søkje.

Tyra Oseng-Rees er leiar av den norsk-walisiske vennskapforeininga. Ho peika på at foreininga feirar 25 år i år.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi feirar det sterke sambandet mellom Cardiff og Vestland, og ønskjer nye elevar frå Vestland velkomne til å gå på skule her, sa Oseng-Rees.

Dei norske elevane i Cardiff har ei sentral rolle under juletretenninga, med å leie an i gangen rundt juletreet og synge julesongar.

Sjømannsprest

Under juletretenninga i år heldt sjømannsprest Helge Pettersson ein kort tale, og feiringa vart avslutta med at den norske songaren Marita Leirvik song julesongar. Ho studerer i Cardiff.