Det var ei trafikkulukke i Jølster i dag tidleg, to lettare skadd. Illustrasjonsfoto.

Frå politiloggen andre juledag

Ikkje all julefeiring er like fredeleg, og politiet har hatt litt av kvart å ta seg av natt til andre juledag:

Førde: Ein mann i 50 åra er mistenkt for køyring i rusa tilstand mellom Naustdal og Førde første juledag. Han vart kontrollert etter tips frå publikum. Førarkortet vart beslaglagt og det vert oppretta sak.

02:10 Stryn: Ein mann melde at han hadde vorte slegen til i Stryn sentrum. Saka vil bli meld.

02.15 Jølster: Ei kvinne kontakta politiet og opplyste at ho hadde vore i klammeri med ein mann på ein utestad. Saka vert meld.

03:46 Stryn: Ein rusa mann vart teken hand om av politiet og sett i drukkenskapsarrest etter å ha utført skadeverk i en privat bustad i Stryn.

04:07 Florø: Ein mann vart oppdaga av politiet i samband med at han urinerte på offentleg stad i Strandgata i Florø. Personen vert meld.

04:30 Selje: Politiet måtte rykke ut då to personar oppsøkte ein institusjon. Nattevakta vart slegen til og det vart utført skadeverk.

04:53 Årdal: Det var slagsmål i eit privat husvære i Årdal, og politiet vart tilkalla. Ein person vart frakta til sjukehus for undersøking. Det vert oppretta sak.

06:22 Førde: To personar var involvert i slagsmål i Førde sentrum. Ingen vart skada.