8. klassingane ved Gloppen ungdomsskule vart gjorde til dansarar i løpet av ei skuleveke og imponerte i kultursalen.

Frå null til ferdig dans på ei skuleveke

I løpet av ei hektisk skuleveke vart 66 ungdomsskuleelevar omskapte til dansarar. Laurdag vart publikum storleg imponert over det dei presterte.

I seks veker og på seks ulike skular og like mange ulike scener har over 300 elevar i Sogn og Fjordane delteke i eit heilt unikt samarbeidsprosjekt mellom Sogn og Fjordane Teater og Den Kulturelle Skulesekken. Laurdag var det Gloppen ungdomsskule sin tur.



Ei veke

I staden for å vere passive tilskodarar, har elevane sjølve vore aktive deltakarar og skapt sine eigne dansar. Det har dei gjort i løpet av ei hektisk skuleveke der dans har vore det einaste faget på timeplanen. Det heile vart avslutta med ei opa framsyning for publikum i kultursalen i Trivselshagen. I følgje Sogn og Fjordane Teater (SoFt) er det truleg første gong eit slikt prosjekt er gjennomført her i landet.

Heilt åleine har elevane sjølvsagt ikkje vore. SoFt har engasjert den tyske koreografen, regissøren og teaterpedagogen Nadja Raszewski frå Berlin til prosjektet. Ho hadde igjen med seg sine hjelpeinstruktørar.

Les meir i papirutgåva måndag.

Framsyninga hadde dei fire elementa jord, luft, eld og vatn som tema.