Ført bak lyset?

Så har staten definitivt avklara det som er ganske sjølvsagt, dei vil ikkje betale opprustinga av ein fylkeskommunal veg. Fylkeskommunen må altså ta resten av opprustinga Olden-Innvik. Ein snakkar om ca. 400 mill. kroner. Det som er alvorleg i denne saka er at det i fylkestinget vart lagt til grunn at staten ville ta desse kostnadene også om det vart indre linje, då dei skulle ta stilling til trasevalet.

Det vil medføre ”at staten overtek Fv 60 og fullfører utbygginga av denne strekninga” og ”Fylkesrådmannen legg til grunn at dette er kostnader som Staten vil ta”, heitte det m.a. i utgreiinga frå fylkesrådmannen, der han konkluderte med indre. Dette er alvorleg feilinformasjon som kan ha fått konsekvensar for trasevalet. Ein hugsar også FrP sin Djuvik bruke same argumenta, og at pengane som vart frigjort på Olden-Innvik i staden kunne brukast på Kystvegen.

Berre tull heile greia sjølvsagt. Fylket kunne i staden fått midtre med bru Anda-Lote og at staten overtok opprustinga og drifta av indre. Det vart trenert av Ap i den førre regjeringa. No sit ein igjen med rekninga og skjegget i postkassa.