Tunneldrivarane på røysa etter gjennomslaget. Foto: Statens vegvesen/Kjetil Dahl.

Første gjennomslag i Kjøsnestunnelen

Onsdag ettermiddag avfyrte Hæhre Entreprenør gjennomslagssalva i vestre del av den nye Kjøsnestunnelen i Jølster, skriv Statens vegvesen i ei pressemelding.

Gjennomslaget var vellukka, dei to tunneldelane møttest slik dei skulle, og no kan anleggsmaskinane køyre mellom Kjøsnes og tverrslaget i Pevika.

Av sprengingsarbeid gjenstår det no å kople den nye tunneldelen saman med Støylsnestunnelen, og det er forventa gjennomslag i Støylsnestunnelen ein gong i desember. Då vil det vere hol gjennom heile den 8,5 km lange tunnelen langs Kjøsnesfjorden, frå Kjøsnes til Lunde.

Artikkelen held fram under annonsen.

Denne veka starta nattestengingane i Støylsnestunnelen, som ei førebuing til det siste gjennomslaget. Entreprenøren er i gang med å legge om elektro og nødutstyr, og lysarmaturar og kabelbru i området må demonterast. Deretter skal det utførast sikringsarbeid med boltar og sprøytebetong før sprenging og strossing i Støylsnestunnelen startar. Tunnelen skal sprengast ut til ei breidde opp mot 27 meter i området der dei to tunnelane møtest. Det tilsvarar om lag breidda på hallane i Lærdalstunnelen.

Det er mykje etterarbeid som skal utførast i tunnelen etter at sprenginga er ferdig, men arbeida går som planlagt og tunnelen vil bli opna for trafikk hausten i 2022.