Spørjeundersøkingar viste at ungdom med ei historie med uønskte barndomsopplevingar i større grad svarte at dei ikkje pussa tennene kvar dag. Foto: Frank May/NTB/NPK.

Forsking: Mobbing kan føre til dårleg tannhelse

Ny NTNU-forsking viser at ungdom med belastningar i barndommen har større risiko for dårleg tannhelse. Dette er viktig kunnskap for tannhelsetenesta, meiner forskar.

Det skriv Forskning.no.

Dei fleste tenåringar pussar tenner kvar dag. Men litt over seks prosent av ungdommane mellom 13 og 17 år hoppar over tannpussen anten heilt eller delvis.

Artikkelen held fram under annonsen.

No viser forsking at vonde opplevingar i barndommen er knytt til dårlege pussevanar. Det inkluderer mobbing.

– Vi kan ikkje seie om det eine fører til det andre, men vi finn at det er ein samanheng. Det seier NTNU-forskar og psykologspesialist Lena Myran ved Kompetansesenteret Tannhelse Midt.

Myran vil at tannhelsepersonell skal stille seg spørsmålet om kva som kan liggje bak pasientar si dårlege tannhelse. Det kan vere viktig å spørje pasientane sine om uønskte opplevingar for å identifisere sårbare enkeltpersonar. (©NPK)