8. mai lar vi flagget gå til topps

Dagleg ser vi sterke bilete frå dei fryktelege krigane i Ukraina og på Gaza, og ein får klare inntrykk av kor forferdeleg det må vere å bli råka av bomber, missil, tanks og framrykkande soldatar som utset sivilbefolkninga for grove overgrep.

Les også
Inn i rekkja gjekk...

Med desse to krigane, den eine av dei i Europa, i vårt eige «nabolag», som bakteppe, skal vi onsdag markere at det er 79 år sidan frigjeringsdagen i 1945. Dagen då Noreg igjen var fritt etter over fem år «under de fremmedes åk», slik Nordahl Grieg uttrykte det i diktet «17. mai 1940», som han skreiv om bord på ei av fiskeskøytene som frakta Norges Bank si gullbehaldning nordover langs kysten den dramatiske krigsvåren.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Populær turveg i fare

Tida tek naturleg nok frå oss fleire og fleire av tidsvitna som kan fortelje om korleis det var å leve i eit okkupert land og oppleve terror og undertrykking. Men det som skjer kring oss i desse dagar, gjer at også generasjonane som har vakse opp etter krigen og aldri har opplevd noko anna enn eit fritt Noreg, ikkje kan unngå å få ei oppfatning av korleis krigar utartar seg og alt det vonde dei fører med seg.

Dette gjer oss også i stand til å få ei forståing av kor stort det måtte vere då freden var eit faktum 8. mai 1945, og det gjer oss i stand til å skjøne kor viktig innsatsen til alle dei som kjempa mot okkupasjonsmakta gjennom krigsåra, var.

Les også
Vann den første kampen

Desse gjorde saka og målet langt viktigare og større enn sin eigen person, og tusenvis ofra livet for at oppveksande slekter skulle få bu og leve i ein fri nasjon. Mange av krigsheltane overlevde krigen, men levde med han resten av livet gjennom dei djupe fysiske og psykiske såra dei blei påførte.

Les også
Set fokus på viktig tema

Nest etter 17. mai, er 8. mai den mest symbolsterke dagen i norsk historie. Eit symbol på at nazismen vart knekt, og at fridomen vann over eit totalitært regime. Det er ein dag vi ikkje kan tillate oss å gløyme, ein dag då vi skal passe på å minne oss sjølve på kor gale det kan gå når for mykje makt blir samla i hender som absolutt ikkje er verdige eller eigna til å forvalte henne.

Les også
Må vere på tilbodssida

På frigjeringsdagen skal vi minnast, ære og takke alle dei som på vegner av samtidige og framtidige generasjonar stod opp for dei verdiane kongeriket Noreg er tufta på og som tok kampen for landet vårt.

I visse om at vi langt frå kan ta fred og fridom for gjeve, at kampen for denne aldri vil ta slutt, og i takksemd til dei som har bidrege til at vi lever i eit demokratisk og uavhengig Noreg, lar vi flagget gå til topps i flaggstengene 8. mai.

Gratulerer med dagen!

Les også
Enormt engasjement for den unike utdanningsinstitusjonen og talentfabrikken
Les også
Vi kan ikkje risikere å kome i ein slik situasjon igjen
Les også
Ei hjelpande kasse
Les også
Billegare flybillettar