Forskarane var overraska over at samanhengen mellom passiv røyking og brystkreft var så sterk. Illustrasjonsfoto: Stian Lysberg Solum/NTB/NPK.

Forsking: Auka risiko for brystkreft seinare ved passiv røyking

Forskarar i Tromsø meiner for første gong å ha funne ein klart auka risiko for brystkreft hos kvinner som då dei var barn vart utsette for passiv røyking.

Ifølgje Forskning.no har forskarane ved Universitetet i Tromsø (UiT) berekna at 7 prosent av tilfella kunne ha vore unngått om foreldre ikkje hadde røykt.

Forskarane har følgt 46.000 kvinner over fleire tiår. Forskinga er publisert i International Journal of Epidemiology i august i år.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi er overraska over å finne ein så sterk samanheng som vi fann mellom passiv røyking og brystkreft, seier førsteforfattar, professor Inger Torhild Gram, til Dagbladet.

(©NPK)