Illustrasjonsfoto: Håkon Mosvold Larsen/NTB/NPK.

Forskar: – Går føre seg ei rasering av grunnskolane

Det er lagt ned 522 grunnskolar på ti år. Forskar meiner kommunane ikkje tar med i rekneskapen at nedleggingane gir langvarige kostnader for lokalsamfunnet.

– Det går føre seg ei rasering av grunnskolane i bygdene, seier Karl Jan Solstad til NRK. Solstad har forska på skoletilbodet i distriktet sidan 1970-talet, og er knytt til Nordlandsforskning.

NRK skriv at 522 grunnskolar har blitt lagde ned på ti år. Det vil seie at det forsvinn ein skole kvar veke i gjennomsnitt. Kommunane har ansvaret for grunnskolane, og økonomi er ofte eit argument for å legge ned små skolar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Rune Kvalsund ved Møreforsking seier at politikarane fort gløymer at læringskvalitet også er ein verdi. Det er ein kvalitet han meiner er høgare på små skolar, der det er færre elevar per lærar. Han peikar òg på at sjølv om kostnader til lærarlønn går ned, går transportutgiftene opp. Eit tredje poeng er at det gir langvarige kostnader for lokalsamfunna.

– Skolenedleggingar fører ikkje umiddelbart til at foreldre flytter, men over tid så er det færre som flytter til. Det forsterkar ubalansen, og det er dei eldre som vert sittande att. Og det er då for få til å ta vare på dei eldre, seier Kvalsund til NRK.

(©NPK)