Forskar avviser avisdød i Noreg

Avisforskar Sigurd Haust avviser at det er ein avisdød i Noreg. Ein ny rapport viser ein auke på seks aviser sidan 2002.


I 2002 hadde Noreg 217 aviser som kom ut éin eller fleire dagar i veka, medan talet i 2018 var 223. Høgast tal var det i 2014 med 230 norske aviser.


– Det er jo ikkje avisdød i det heile. Det smuldrar bort lite grann i ytterkanten blant dei svakaste, men det er nesten ikkje noko fråfall, seier Sigurd Haust til Dagens Næringsliv.


Han er forskaren bak rapporten Avisåret 2018.


– Vi har greidd oss utruleg godt. Men når eg les kva MBL skriv om inntektsutviklinga, er det til å bli skremt av, seier Haust.



Nedskjeringar

«Mediehusene mistet i årene 2013–2017 2,7 milliarder kroner i annonseinntekter og måtte kutte tilsvarende i kostnadene» heiter det frå Mediebedriftenes Landsforening (MBL) i ei høyringsutsegn til mediemeldinga til regjeringa «Mangfald og armlengds avstand».


– Det har vore mange nedskjeringar i norske aviser for å møte annonsenedgangen, men heilt til dei siste fem åra har ein klart å unngå å skjere ned redaksjonane, seier Haust.



Bekymra

Han er usikker på om den låge avisdøden kan halde fram i Noreg.


– Eg er veldig bekymra for at dette ikkje går i hop i lengda. Det er så store beløp som forsvinn, seier han. (©NPK)