Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad/NTB/NPK.

Folk flest førebudde på smitteauke framover

Seks av ti nordmenn svarer i ei ny undersøking at dei reknar med at koronasmitten vil auke. Samtidig trur eit fleirtal at pandemien ikkje er over i år.

I desember oppgav 61 prosent av dei spurde at dei trur talet på nye tilfelle av koronasmitta i Noreg vil auke. 20 prosent forventa reduksjon, medan 19 prosent trur at talet blir ståande uendra, viser resultata frå Norsk koronamonitor.

Delen som reknar med smitteauke fall med 4 prosentpoeng frå november, men ligg heile 16 prosentpoeng over same månad i 2020.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Folk flest forventar at smitteverntiltak har effekt på smittesituasjonen, men mange er samtidig førebudde på at omikron vil setje preg på nyåret, seier seniorrådgivar Nora Clausen i Opinion.

I desember svarte 11 prosent av dei spurde at dei trur koronautbrotet i Noreg vil vare i opptil eit halvt år til, medan 35 prosent seier opptil eitt år. 26 prosent svarer opptil 2 år, medan 28 prosent trur pandemien vil vare endå lenger.

(©NPK)