Desse blir å sjå i nye «Fjols til fjells»: F.v. Anette Hoff, Herbert Nordrum, Hedda Stiernstedt og Nils Vogt. Foto: Stig og Stein Studio/Handout.

Følgjer opp «Fjols til fjells»

63 år etter at filmklassikaren «Fjols til fjells» hadde premiere blir oppfølgjaren å sjå på kinolerreta neste vinter.


Han blir omtalt som ein påskekomedie, nye «Fjols til fjells», og han har kjende skodespelarar som Bjarte Hjelmeland, Anette Hoff, Christian Skolmen, Nils Vogt og Nader Khademi om bord. Planlagt premiere er 21. februar 2020.


Originalfilmen frå 1957 er ifølgje ei pressemelding den fjerde mest sedde kinofilmen her i landet gjennom tidene, og det er sjølvsagt massivt med inspirasjon å spore i den nye filmen.


I rolla som Poppe, barnebarnet til Leif Juster sin rollefigur med same namn, dukkar Herbert Nordrum opp. Han er kjend for mange frå TV-seriar som «Match» og «Unge lovande».


Og som tilfellet var med førstefilmen vil det òg denne gongen bli forviklingar i påskesol, både for turistar, hotellstab og lokalbefolkning.


– Med eit stort hjarte for komedie, og ei brennande interesse for både påske, fjell og folk, har vi lenge jobba med denne familiefilmen som med komiske briller leikar og tøysar med dei mange tradisjonane til nordmenn knytt til påske, seier produsent Stig Hjerkinn Haug.


Han kan fortelje at innspelinga er i gang – og føregår i Trysil.


Om handlinga heiter det: «Den unge og altfor serviceinnstilte hotellresepsjonisten Poppe må brått og uventa ta ansvaret for heile hotellet gjennom den hektiske påskeveka. Det oppstår umiddelbart eit spinnvilt kaos».


Vidare blir det meldt at det slett ikkje gagnar mannen vår at eit barneskirenn, ein gigantisk afterski og ei feiring av den eigentlege bodskapen til påska blir planlagd – parallelt.


Filmen blir regissert av Petter Holmsen og kjem frå Stig og Stein Studio. (©NPK)