E16 mellom Bergen og Voss er ein av dei mest rasutsette vegstrekningane i landet. Arkivbildet er frå Bolstadtunnelen vart stengd etter ras i august i fjor. Foto: Marit Hommedal/NTB scanpix/NPK.

Flest rasfarlege vegar i Vestland

Dei seks strekningane som kjem dårlegast ut på lista over dei mest rasfarlege vegane i landet, ligg i Vestland og Møre og Romsdal. Fem av dei seks ligg i Vestland.


Geologar i Statens vegvesen har kartlagt kva for vegstrekningar i landet som har størst rasfare. Dei har rangert frå 1 til 9 poeng, der 9 er ekstrem rasfare, og 1 nesten ikkje er rasfare. Nyleg vart oversikta presentert, og av dei seks mest utsette strekningane, ligg fem strekningar i Vestland og ei i Møre og Romsdal. Det skriv NRK.


Dei to strekningane høgst på lista er fylkesveg 5744 til Navelsaker i Stad kommune, og Fylkesveg 5829 mellom Grodås og Otterdal i Volda kommune. Begge vegstrekningane er rangert med 6,7 poeng. Etter det kjem fylkesveg 13 over Gaularfjellet i Sogndal og E 16 mellom Bergen og Voss ved Bogetunnelen i Vaksdal kommune.


Når rasfaren er rekna ut, er det lagt mest vekt på trafikkmengd og skredfare. Høve for omkøyring, ulemper ved stenging og fare for naboskred når vegen er stengt er òg vurdert.


I desember la Statens vegvesen ut oppdaterte tal som viser at det er behov for å rassikre det norske vegnettet på om lag 1200 ulike stader. Dette vil koste 71 milliardar kroner. I Vestland vil det koste 40 milliardar.


Leiar i Nasjonal rassikringsgruppe Jenny Følling (Sp), meiner dette må vere mogleg å få til om ein prioriterer.


– Det er ei utfordring. Samtidig blir det brukt store midlar på firefeltsvegar og andre prosjekt. Så då må ein òg ha ambisjon om at ein skal greie å rassikre vegnettet i heile landet, seier ho til NRK.


Her er vegvesenet si liste over dei mest rasfarlege vegane.


Modellen går frå 1 til 9 poeng, der 9 betyr ekstrem rasfare og 1 nesten ikkje rasfare.


Fylkesveg 5744 til Navelsaker i Stad kommune, Vestland (6,7)


Fylkesveg 5829 mellom Grodås og Otterdal i Volda kommune, Møre og Romsdal (6,7)


Fylkesveg 13 over Gaularfjellet i Sogndal kommune, Vestland (6,5)


E16 mellom Bergen og Voss ved Bogetunnelen i Vaksdal kommune, Vestland (6,0)


Fylkesveg 5723 langs Lovatnet i Stryn kommune, Vestland (5,9)


Fylkesveg 5724 mellom Olden og Briksdal i Stryn kommune, Vestland (5,9)


Fylkesveg 8830 mellom Lerrsfjord og Lauvås i Alta kommune, Troms og Finnmark (5,8)


Fylkesveg 7900 mellom Forneset og Seljelvnes i Tromsø kommune, Troms og Finnmark (5,7)


Fylkesveg 5625 mellom Skjerdal og Aurlandsvangen i Aurland kommune, Vestland (5,6)


Fylkesveg 5794 mellom Napp og Myrland i Flakstad kommune (5,56), Nordland


(©NPK)