Seks av ti nordmenn er positive til å ta vaksine mot koronaviruset, ifølgje ei ny undersøking. Foto: Heiko Junge/NTB/NPK.

Fleire vil ta koronavaksine, men éin av ti seier framleis nei

Seks av ti nordmenn er positive til å ta vaksine mot koronaviruset, ifølgje ei ny undersøking frå Norsk koronamonitor.

12 prosent seier nei til å ta vaksinen når han kjem, medan kvar fjerde nordmann svarer at dei ikkje veit.

Det kjem fram i Norsk koronamonitor frå Opinion, der 8.500 nordmenn er spurde om dei vil ta ein vaksine mot koronaviruset når han er klar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Andelen som ikkje vil ta vaksine, har falle med 4 prosentpoeng sidan november, medan andelen som seier ja, har auka med 3 prosentpoeng.

– At ein godkjend vaksine berre er veker unna, gjer nordmenn meir villig til å ta han. Men alfa og omega er at han er trygg, seier seniorrådgivar Nora Clausen i Opinion.

Den første vaksinegodkjenninga kan komme rundt nyttår, og dermed vil ho vere klar for Noreg kort tid etter.

– 1,2 millionar nordmenn kan då få vaksinen i første omgang. Det er 70 prosent av alle i risikogruppa og folk som jobbar med utsette grupper, sa helseminister Bent Høie (H) på pressekonferansen til regjeringa fredag.

(©NPK)