Fleire flyplassar blir utan reserveløysing
Sandane lufthamn Anda og 18 andre norske småflyplassar skal ha ikkje ha ei analog reserveløysing når eit nytt system med satelittnavigasjon blir innført.
Det skriv NRK Vestland. I samsvar med felleseuropeiske krav skal norske lufthamner innføre eit nytt system der flya skal lande trygt ved hjelp av satelittnavigasjon.
Ved 19 små flyplassar i Noreg vil det ikkje vere analoge reserveløysingar når ein sluttar å bruke radiosignal. På Sandane lufthamn Anda skal det bakkebaserte navigasjonsanlegget blir skrudd av i 2030, ved Førde lufthamn i 2028 og ved Sogndal lufthamn i 2026.
Samtidig kjem det ifølgje NRK daglege rapportar om at ikkje nærare identifiserte krefter forstyrrar signala som dei nye systema er baserte på
Trond Helleland (H) har stilt spørsmål til samferdsleministeren om regjeringa har vurdert å stoppe utfasinga av tradisjonelle navigasjonssystem i lys av at den sikkerheitspolitiske situasjonen har endra seg.
Overfor NRK viser samferdsleminister Jon-Ivar Nygård (Ap) til at Avinor si vurdering er at det er mange nok alternative (konvensjonelle) navigasjonsanlegg som skal haldast operative til å vareta sikkerheita i luftfarten.