Politidirektør Benedicte Bjørnland understrekar at politiet kontinuerleg vurderer det å vere til stades ved grensa for å hindre importsmitte. Foto: Geir Olsen/NTB/NPK.

Fleire blir viste bort ved grensa

I årets første veke bidrog auka trafikk og kontrollar til at 472 personar vart viste bort frå Noreg – 107 fleire enn veka før.

For å få kontroll over importsmitten, er det innført grensekontroll, og fleire grenseovergangar er stengde for innreise.

Politidirektør Benedicte Bjørnland peikar på at det blir jobba kontinuerleg med å vurdere nærværet til politiet og kvar dei skal drive kontroll.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Politiet har ei forventning om at alle bidreg til å redusere smitte slik at vi så snart som mogleg kan opne samfunnet og leve på vanleg måte. Å avgrense importsmitten er eit viktig tiltak i dette arbeidet, seier Bjørnland i ei pressemelding,

Ein risikerer straffeforfølging dersom ein kryssar grensa på stader utanom dei lovlege grenseovergangane, med bøter frå 5.000 til 10.000 kroner. Ein person vart fredag meld for å ha passert Flermoen grenseovergang i Trysil.

(©NPK)