Over sju av ti nordmenn har no tilgang til minst eitt avisabonnement.

Fleire betaler for nyheiter – størst auke blant unge

Sju av ti nordmenn har no tilgang til minst eitt avisabonnement, ein auke på 10 prosentpoeng frå 2018. Auken er størst blant unge.

Publisert

Blant 18-29-åringar oppgir 63 prosent å ha tilgang til eit avisabonnement, noko som er ein auke på 55 prosent frå 2018. Det viser ein rapport frå Mediebedriftenes Landsforening (MBL).

– Unge prioriterer redaktørstyrte nyheiter og seier at dei opplever journalistikken som relevant og verdifull, seier Randi S. Øgrey, administrerande direktør i MBL.

70 prosent føretrekkjer å få nyheiter direkte frå nettavisene sine eigne nettsider og appar, og fire av ti unge ønskjer at innhaldet i avisene blir delt via sosiale medium.

Riksdekkjande aviser er framleis dei viktigaste nyheitskjeldene for nordmenn, etterfølgd av NRK.no, TV og lokalaviser. Berre 6 prosent oppgir sosiale medium som si viktigaste kjelde til nyheiter. Også blant dei yngste er aviser og nettaviser ei viktigare kjelde til nyheiter enn sosiale medium.

Fleire meiner likevel at det er for dyrt å abonnere. Det siste året har det vore ei tredobling i andelen ikkje-abonnentar som oppgir at dei ikkje har råd.

Halvparten av dei mellom 18 og 29 år føretrekkjer nyheiter i videoformat, medan 17 prosent føretrekkjer podkastar. Video aukar som kanal i alle aldersgrupper. (©NPK)

Powered by Labrador CMS