MODERNISERER: Frå 1. juli fell ektefellerabatten på kollektivtransport bort. Vestland fylkeskommune følgjer dermed dei nasjonale føringane om å modernisere rabattordningane. Foto: Bjarte Brask Eriksen, Vestland fylkeskommune.

Fjernar honnørrabatt for ektefellar

I tråd med vedtak i Stortinget, har Vestland fylkesting bestemt å fjerne ektefellerabatten på kollektivtransport frå 1. juli.

Publisert

Rabattordninga har i mange år vore ein del av dei nasjonale minimumskrava for kollektivtransport. Den inneber at ektefellar eller registrerte partnarar til personar med rett til honnørpris, også kan kjøpe honnørbillett. Dette gjeld sjølv om vedkommande ikkje oppfyller vilkåra for å få honnørrabatten. 

Nasjonale føringar

– Ved å fjerne ektefellerabatten tilpassar vi oss dei nasjonale føringane. Avviklinga vil gi eit enklare takstsystem og mogleg auka inntekter, seier fylkesordførar Jon Askeland.
 
Han legg til at endringa vil innebere prisauke for nokre av brukarane, men understrekar:
 
– Vurderingane samla sett peikar mot at avvikling av ektefellerabatten er den mest formålstenlege løysinga, med omsyn til likebehandling, eit oversiktleg og føreseieleg takstsystem, økonomi og nasjonale føringar. 

Skal modernisere rabattordningane

Dei landsomfattande sosiale rabattordningane i kollektivtransporten skal reviderast og Samferdselsdepartementet presiserer fleire vedtekne endringar i eit rundskriv. Målet med arbeidet er å modernisere rabattordningane og endringane skal gjennomførast så snart som praktisk mogleg, det vil seie frå 1. juli. Vestland fylkeskommune praktiserer i dag dei fleste av desse endringane, men vel no altså å fjerne ektefellerabatten.

Billigare for militært personell

I tillegg til å fjerne ektefellerabatten justerer fylkeskommunen rabattordninga for militært personell i førstegongsteneste. Dei vil no få 50 % rabatt på enkeltbillett.

Powered by Labrador CMS