Den nye gondolbanen på Voss startar frå Voss stasjon og endar på Hangurstoppen 820 meter over havet. Her Fleicher's hotel med banen i bakgrunnen. Foto: Karoline Riise Kristiansen/NPK.

Fjelltoppar skal gje namn til gondolvogner på Voss

Mens gondolvognene på Ulriksbanen i Bergen er kalla opp etter brusgutane Perle og Bruse, skal kabinane på den nye gondolbanen på Voss få namn etter fjelltoppar.


Gjennom ein namnekonkurranse har det kome inn heile 245 forslag til fjelltoppar som gondolvognene kan kallast opp etter, fortel avisa Hordaland.


Gråsidetoppen, Kvitanosi, Mykkeltveitveten, Oksen, Lønahorgi, Horndalsnuten og Hermannsnuten er ifølgje avisa nokre av namna som peikar seg ut blant dei innkomne forslaga.


Voss Gondol hadde i utgangspunktet tenkt at kabinane skulle få namn etter kjende idretts- og kulturpersonar, men bestemde seg i staden for å satsa på namn etter lokale fjell.


Den nye gondolbanen på Voss som opnar til sommaren får ifylgje Voss Resort ni kabinar med plass til 34 personar i kvar vogn. Banen startar frå jernbanestasjonen på Voss og endar på Hangurstoppen 820 meter over havet. (©NPK)