Rektor Hallgeir Hansen er svært glade for at Firda vgs. får starte opp forsøk med nytt programfag i klima og miljø (Arkivfoto).

Firda vgs ønskjer å gjere klima og miljø til eit skulefag

Firda vgs og Gloppen kommune vil setje klima- og miljøspørsmål på timeplanen. – Det grøne skiftet er starta. Det vil krevje ny innsikt, ny kunnskap og nye haldningar, seier rektor Hallgeir Hansen.

Firda vgs har gått nye vegar tidlegare, og er i ferd med å gjere det igjen. Sidan i fjor haust har skulen sett inn i framtida og sett at det såkalla ”grøne skiftet” er på veg. Det vil krevje ny kunnskap og innsikt, og nye haldningar hos dagens unge som skal forme framtida.

Prosjekt

Firda vgs har starta eit prosjektarbeid som omfattar fleire delar. Dei har til felles at ein ser klima- og miljøspørsmål som tema frå barnehage via grunnskulen til og med tredje klasse i vidaregåande skule.

– Vi har invitert Gloppen kommune til å delta med Firda vgs som prosjekteigar, seier Hallgeir Hansen. Delprosjekta omfattar barnehage, første til fjerde klasse, femte til sjuande klasse og åttande til og med tiande klasse, pluss vidaregåande. Oppstartsmøtet vart avvikla tidlegare i denne veka.

– Det handlar om å utvikle gjennomgåande læreplanar. Det er spennande, seier Hallgeir Hansen som tykkjer det er positivt at Gloppen kommune blir med.

Les heile saka i papirutgåva fredag.