Firda Tidend byter systemleverandør

Polaris Media Sør har sagt opp partnarskapsavtalane med Firda Tidend og eit tosifra tal andre frittståande aviser som no er godt i gang med å finne nye leverandørar av datasystem.

Sidan 2020 har Firda Tidend hatt ein partnarskapsavtale med Polaris Media Sør, tidlegare Agderposten, som har levert datasystem for redaksjonell publisering, annonsar og abonnement.

Før jul kom meldinga om at Polaris Media Sør seier opp avtalane med partnaravisene sine som følgje av personvernutfordringar som gjer at dei ikkje klarer å tilby løysingar til eksterne mediehus.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er ikkje noko dramatikk i dette. Vi har hatt eit samarbeid som vi har vore godt nøgde med, men må berre ta til etterretning at dette ikkje blir vidareført. Vi har visst om dette ei stund, og saman med dei andre avisene som er i same situasjon er vi godt i gang med arbeidet med å finne nye systemleverandørar. Vi har hatt ei rekkje møte med moglege aktørar som kan tilby svært gode løysingar som kan bidra til å utvikle Firda Tidend vidare på ulike plattformer, seier redaktør og dagleg leiar Aadne Gloppestad.

Avtalen med Polaris Media Sør har tolv månader oppseiingstid, og Gloppestad fortel at dei næraste månadane vil bli brukte til å stake ut vidare kurs og lande avtalar med nye leverandørar, slik at alt er på plass i god tid før nyttår.

Redaktør og dagleg leiar Aadne Gloppestad trur Firda Tidend kjem styrka ut av overgangen til nye datasystem. Arkivfoto.

– Når éi dør blir laten att, opnar det seg som regel nokre nye. Det er tilfelle også her. Eg trur vi kjem styrka ut av dette, med system som er endå betre og meir framtidsretta enn dei vi brukar i dag, understrekar redaktøren.