Noreg får ytterlegare 1,2 millionar dosar av Pfizer/Biontech-vaksinen. Foto: Berit Roald/NTB/NPK.

FHI: Noreg får 1,2 millionar ekstra Pfizer-dosar

Noreg får 1,185 millionar ekstra dosar av Pfizers koronavaksine etter at EU signerte ein ny avtale om 100 millionar nye dosar i år.

Det opplyser Folkehelseinstituttet (FHI) til NTB.

FHI presiserer at det kan vere at nokre av dosane er inkluderte i den allereie varsla auken for andre kvartal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fredag førre veke melde VG at Noreg ligg an til å få to millionar ekstra Pfizer-dosar i juni, juli og august. Desse fordeler seg på 592.000 ekstra dosar i andre kvartal, 700.000 ekstra dosar i juli og 700.000 ekstra dosar i august.

600 millionar dosar til EU

Pfizer melder at den nye avtalen med EU kjem som følgje av at EU-kommisjonen har valt å nytte seg av moglegheita til å kjøpe ytterlegare 100 millionar vaksinedosar i tråd med ein avtale signert 17. februar i år.

– Vi har no til hensikt å levere totalt 600 millionar dosar til EU i år, som vil dekkje to tredelar av EU-befolkninga. Det er den største leveranseavtalen for Comirnaty (koronavaksinen) vi har avtalt globalt, seier kommersiell direktør Sean Marett i Biontech.

FHI ser lyst på vaksinasjonen

Smitteverndirektør Geir Bukholm i FHI sa førre veke til VG at dei stadige meldingane om fleire Pfizer-dosar gjer at dei ser lyst på å få dekt vaksinebehovet fort.

– Det betyr at alle blir vaksinerte mykje tidlegare. Kor tidleg har vi ikkje rokke å rekne ut. Vi oppdaterer vaksinekalenderen så snart vi har fått leveringsdatoane stadfesta, sa Bukholm fredag.

Til no har over 1 million nordmenn fått første vaksinedose, medan rundt 300.000 nordmenn har fått andre vaksinedose.