Fem nye smittetilfelle i Stad

Fem nye personar fekk påvist covid-19-smitte i Stad tysdag, etter testing måndag. Totalt er det no 17 personar som er påvist smitta i Stad i samband med det pågåande utbrotet.

Stad kommune har dei siste dagane gjort eit omfattande arbeid med smittesporing og kartlegging av covid-19-utbrotet i kommunen.

Måndag 8. mars vart nærare 170 personar testa. Mange av desse var born og tilsette i to klassar ved Nordfjordeid skule og ei avdeling i Golvsengane barnehage som er sett i karantene fordi eit barn i klassa/avdelinga fekk påvist smitte søndag. I tillegg testa ein måndag også andre innbyggjarar som på vanleg måte tok kontakt for testing på grunn av symptom på sjukdom.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Svar på prøvene viser at det ikkje er funne overført smitte til andre born eller tilsette i avdelinga i Golvsengane barnehage eller i klassa på fjerde trinn ved Nordfjordeid skule. Ein ventar framleis på svar på éi av prøvene frå Golvsengane barnehage. I klassa på sjette trinn ved Nordfjordeid skule er det påvist overføring av smitte til tre andre born og til ein lærar. Ein ventar framleis på svar på to av prøvene frå denne klassa, opplyser kommuneoverlege Thomas Vingen Vedeld i ei pressemelding seint måndag kveld.

Born og tilsette som er sette i karantene i dei to aktuelle klassane ved Nordfjordeid skule og avdelinga ved Golvsengane barnehage held fram i karantene til og med søndag 14. mars. Husstandsmedlemer til born/tilsette med negativt prøvesvar i desse klassene/avdelinga kan no avslutte ventekarantene.

I tillegg har ein person som testa seg måndag på grunn av symptom fått påvist smitte. Kartlegging viser at også denne personen kan koplast til allereie kjende smittetilfelle.

– Status tysdag kveld er då at fem nye personar har fått påvist smitte i Stad tysdag, etter testing gjort måndag. Dermed har til saman 17 personar fått påvist covid-19-smitte i Stad kommune under dette utbrotet. Svar på mutasjonsanalyse av viruset ligg framleis ikkje føre. Sjølv om utgangspunktet for utbrotet er ukjent, har alle dei påviste smittetilfella ei kopling til kvarandre. Det gjer at ein gjennom smittesporing, karantene og testing framleis vil kunne oppnå aukande grad av kontroll på utbrotet. Dette arbeidet held fram med full styrke, seier Vingen Vedeld.

Onsdag vil ein få svar på 212 prøver som er tekne tysdag. Gjennom dette vil ein få kartlagt situasjonen ytterlegare. Etter ei grundig vurdering i samråd med Folkehelseinstituttet, har ein framleis ikkje funne grunnlag for stenging av skular eller andre inngripande tiltak i samfunnet no. Barnehagar og skular held fram med drift på gult nivå med inndeling i kohortar (faste grupper). Nye vurderingar vil verte gjort dag for dag avhengig av vidare utvikling.