Fem nye smittetilfelle i Stad

Prøvesvar onsdag kveld viste at til saman fem nye personar i Stad kommune har fått påvist covid-19-smitte etter testing tysdag.

– Tre av desse personane var allereie i karantene på grunn av kjend kontakt med tidlegare smitta, og desse tre smittetilfella utløyser ingen nye nærkontaktar, opplyser kommuneoverlege Thomas Vingen Vedeld i ei pressemelding.

Dei to andre tilfella er personar som testa seg ved Selje legekontor tysdag på grunn av symptom.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Foreløpig kartlegging viser ei sannsynleg kopling til utbrotet på Nordfjordeid og til smittetilfellet som vart påvist i Selje i går. Desse to nye tilfella utløyser til saman ca. 15 nærkontaktar. På grunn av ei utvida kartlegging tysdag kveld, vart mange av desse nærkontaktane sette i karantene allereie tysdag kveld og testa onsdag. Husstandsmedlemer til alle nærkontaktar er sette i ventekarantene, skriv kommuneoverlegen.

To born i familien til ein av dei to nye smitta i Selje, er vurdert å kunne vere smitta. Begge borna går i Selje barnehage, og dei kan då ha vore smittsame inn i avdelingane dei går i tysdag og måndag. Born og tilsette i desse to avdelingane i Selje barnehage er sette i karantene og vert testa torsdag. Husstandsmedlemer til borna/dei tilsette er sett i ventekarantene i påvente av negativt svar på testen.

Eit større tal personar vart elles testa på bakgrunn av symptom på sjukdom tysdag. Alle desse testane var negative.