Glade for kvalitetspris: Inghild Espeland Mowatt, Kathrine Haaland Personbråten og Randi Hove tok mot prisen på vegner av medisinsk sengepost ved Førde sentralsjukehus. Foto: Helse Førde

Fekk kvalitetspris for å hindre infeksjonar

Arbeidet med å hindre urinvegsinfeksjonar har gitt medisinsk sengepost ved Førde sentralsjukehus (FSS) nasjonal merksemd. I dag fekk sengeposten kvalitetsprisen i Helse Førde.

- Dette var stas. Eg er heilt skjelven, seier sjukepleiar Kathrine Haaland Personbråten. Saman med seksjonsleiar Inghild Espeland Mowatt og fagutviklingssjukepleiar Randi Hove tok ho mot prisen på vegne av heile sengeposten.

Urinvegsinfeksjonar som knyter seg til bruk av kateter, er ei utfordring både ved sjukehusa og i sjukeheimane. Då medisinsk sengepost starta eit målretta arbeid for å få ned talet på infeksjonar, var det ikkje uvanleg med ein infeksjon i veka. Sidan har det blitt stadig lengre mellom infeksjonar som relaterer seg til bruken av kateter. Lengste perioden sengeposten har oppnådd er heile 170 dagar.

- Resultatet er så oppsiktsvekkande at det er omtala både på nasjonale og regionale konferansar og på nettsidene til Helsedirektoratet og Helse Vest, sa administrerande direktør Jon Bolstad då han delte ut prisen i samband med årets kvalitetskonferanse i Helse Førde.

I grunngjevinga frå juryen heiter det at medisinsk sengepost FSS har gjort eit framifrå arbeid med å redusere tal urinvegsinfeksjonar i samband med bruk av blærekateter. Dei har arbeidd systematisk, brukt forbetringsmetodikk og vist at endring og målretta kvalitetsarbeid gjev resultat.

Mellom tiltaka dei har innført er at pasientar som får innlagt kateter skal ha ein medisinsk indikasjon vurdert av lege, og at dette skal vere dokumentert i journal. Vidare skal det kvar dag gjerast ei vurdering om behovet framleis er der. Tilsette har fått opplæring slik at praksis i stell av og prøvetaking frå kateter blir eins. Resultat er målte ved å telje dagar mellom kvar urinvegsinfeksjon, og skrive desse på ei tavle på vaktrommet.

Juryen legg vekt på at arbeidet viser at det nyttar å arbeid systematisk med kvalitet. Pasientane har fått færre plager og infeksjonar, liggedøgna har blitt færre og medisinbruken har gått ned.

Det er første gongen kvalitetsprisen blir utdelt i Helse Førde. Prisen er på 60 000 kroner og eit kunstverk. Juryen vurderte tre kandidatar.