Fare for jordskred og flaum

Frå onsdag morgon og fram til fredag er det varsla om fare for flaum, jordskred og flaumskred på Vestlandet.

Bratte skråningar og bekkar og elveløp med stor vassføring er spesielt utsette.

Det er venta regn og stadvis kraftige regnbyer frå onsdag føremiddag. Det vil bli mykje nedbør frå onsdag til fredag kveld.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vassføringa er venta å auke i både store og små bekkar i løpet av onsdag/torsdag.

Det er meldt om kraftige vindkast onsdag ettermiddag og kveld. Dei sterkaste vindkasta er venta i midtre og indre strøk.