Fare for flaum på Vestlandet
Det er sendt ut gult farevarsel om flaum for store delar av Vestland, Rogaland og Møre og Romsdal. Faren aukar frå torsdag kveld.
Det er venta overvatn og stor vassføring i bekker og elvar på grunn av mykje nedbør og snøsmelting, heiter det i varselet frå Varsom.
Størst fare er venta natt til fredag og første del av fredag. Varsom åtvarar om at det mange stader er is i grøfter og avløpsvegar, noko som kan føre til lokale flaumar.
Annonse
Styresmakter blir oppmoda til å vurdere fortløpande behov for beredskap og førebyggjande tiltak, medan folk blir rådde til å halde seg unna elvar og bekker med stor vassføring. (©NPK)