Får fire millionar kroner til Statens Hus-pilot

Regjeringa løyver fire millionar kroner til Statens Hus-piloten i Stad kommune, som Stad har fått tildelt for å styrke og samle statlege kompetansemiljø i distrikts-Noreg.

Det opplyser Distrikts- og digitaliseringsminister Linda Helleland (H) og Venstre sin parlamentariske leiar Terje Breivik i dag.

Distriktsminister Linda Hofstad Helleland og Stad-ordførar Alfred Bjørlo.

– Dette er strålande nyhende. No får vi «flybensin» til å setje fullt trykk i arbeidet med å skape ein ny, framtidsretta modell for å skape sterke, samordna statlege kompetansemiljø i distrikts-Noreg, seier ordførar i Stad, Alfred Bjørlo (V), i ei pressemelding.

– Statens Hus-pilotordninga har vore ei viktig sak for Venstre nasjonalt. Eg er svært glad for at vi no både har fått ordninga på plass og har fått på plass finansiering for Stad kommune og dei andre pilotkommunane. Dette er framtidsretta distriktspolitikk som eg trur vil setje varige spor, seier Venstre sin parlamentariske leiar Terje Breivik.

– På Nordfjordeid er det i dag fleire små og på sikt sårbare avdelingar av ulike statlege etatar. No kan vi med støtte heilt opp på regjeringsnivå gå i gang med å bygge eit samla, robust og framtidsrettta statleg fagmiljø på Nordfjordeid i nært samspel mellom Stad kommune og staten - som kan syne veg for distrikts-Noreg elles. Vi vil også invitere inn Vestland fylke i prosjektarbeidet, seier ein glad og fornøgd Alfred Bjørlo.