Det er blitt leita etter den sakna Thomas Niiranen Hamre mellom anna her i Lonevatnet.

Familien til sakna Thomas Niiranen Hamre takkar for støtta

Familien er svært takksam, og ber samtidig folk om å respektere tryggingsråda.

Publisert Sist oppdatert

I ei pressemelding heiter det: Det har gått over fire veker sidan Thomas vart borte etter den tragiske drukningsulukka i Myklebustdalselva natt til søndag 21. juni. Saknet er ubeskriveleg tungt og familien står framleis i ei ekstremt krevjande tid.

Det blir no søkt etter Thomas i privat regi etter at politiet foreløpig har avslutta sitt organiserte søk.

Familien vil uttrykke ei enorm takksemd overfor lokalsamfunnet og alle som har stilt opp så langt:

– Vi ønskjer å rette ei særskild og inderleg takk til kommunen sitt kriseteam, alle naudetatane, Røde Kors, Elveredningsgruppa, Norske redningshundar, Byrkjelo kraft, og alle dei mange frivillige, også familien. Det gjeld både dei som har lagt ned ein formidabel innsats i sjølve leitinga, og dei som har ordna med mat, drikke og utstyr til alt personell, som bidreg. Takk og for all omtanke og gode samtaler. Støtta vi opplever frå heile bygda gir oss styrke og held oss oppe i ei svært krevjande tid, seier foreldra.

Familien ønskjer også å uttrykkje full tillit til at politiet tek dei rette avgjerder for å finne Thomas.

Samstundes er det svært viktig for familien å ivareta tryggleiken til dei som ønskjer å hjelpe. Elveløpet er ekstremt utfordrande, og det er knytt stor risiko ved å ferdast i store delar av området. Familien ber difor innstendig om at alle som ferdast nær elva eller bidreg i søk, rettar seg etter råd frå politiet og kraftverket. Ingen må utsetje seg sjølv eller andre for fare.

For dei som ønskjer å støtte det vidare arbeidet som blir gjort i privat regi, er det oppretta eit fond der folk kan gje bidrag. Opplysingar om dette fondet vil bli gitt gjennom sosiale media så snart alle formalitetar er avklara.

På vegner av familien, advokat Jan Erik Mardal


Powered by Labrador CMS