Leiar for Fagforbundet Mette Nord oppmodar Ap, Sp og SV til å bli einige om å danne regjering saman. Arkivfoto: Gorm Kallestad/NTB/NPK.

Fagforbundet krev fleirtalsregjering

Fagforbundet har sponsa delar av valkmapen til Ap, Sp og SV. No krev LO-forbundet at dei tre partia blir samde om å danne regjering saman.

– Sørg for å bli samde, slik at vi får den draumeregjeringa Fagforbundet og heile fagrørsla vil ha: Ei fleirtalsregjering, seier Fagforbundet-leiar Mette Nord til VG.

Dei tre partia møtest torsdag til regjeringssonderingar på Hurdalsjøen Hotell. Der skal dei prøve å finne ut om det er mogleg å danne ei regjering sett saman av dei tre partia – det som tidlegare har vorte omtalt som draumeregjeringa til Ap-leiar Jonas Gahr Støre.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fagforbundet har vedteke ei rekkje harde krav til den kommande regjeringsplattforma og statsbudsjettet i haust. Mellom anna vil dei auke løyvingane til kommunane, fylkeskommunane og sjukehusa vesentleg.

Kampen mot deltid blir òg viktig, strekar Nord under.

– For oss er det eit hovudkrav at regjeringa frå første dag må gjere alt dei kan for å løyse deltidskrisa, mellom anna ved å lovfeste retten til heiltid, seier ho.

(©NPK)