– Er klar til å gjere ein innsats

Plast frå landbruket skal ikkje forureine. Det er bonden sitt ansvar å handtere plasten på ein god måte på garden.

– Denne veka oppmodar vi medlemene våre om å rydde litt ekstra, fortel Kari Sigrun Lysne.

Ho er styremedlem i Vestland Bondelag, og fortel at bondelaget har sett i gang ein plast- og ryddedugnad denne veka.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi er spesielt opptekne av at folk skal få kontroll over landbruksplasten sin. Det er fort gjort å rydde, når ein først kjem i gang. Vi skal ikkje ha landbruksplast på avvege.

Håpar mange tek i eit tak

– I tillegg vil eg oppmode alle andre om å rydde rundt seg også. Skal ein gå tur kan ein ta med ein pose, og ta med seg søppelet ein kjem over.

Lysne fortel at å rydde beitemark, grøfter og veg høyrer våren til.

– Ein finn dessverre tomgods, landbruksplast og anna søppel.

Skal bli fint til 17. mai

– Sjølv om vi no tek ei veke med ekstra fokus på rydding, skal det seiast at bøndene på det jamne er flinke. Noreg er blant dei beste i verda på innsamling og gjenvinning av landbruksplast.

No gler Lysne seg til å kome i gang med ryddinga.

– Plast og anna søppel høyrer ikkje heime i naturen. Dessutan vil vel alle ha det fint rundt seg til 17. mai, konstaterer ho.